Finn og lagre den norske, svenske, danske, finske og samiske nasjonalsangen. (Bruk Google translator for å oversette den finske) Skriv en kort tekst på ditt sidemål der du sammenlikner nasjonalsangene.
Ein nasjonalsong er skrevet for å uttrykke folket nasjonalkjensle, eller samhald med fedrelandet sitt. Difor er det ikkje rart at alle desse 5 songane handlar om kor mykje dei elskar landet sitt. Ein nasjonalsong er også eit uttrykk for sjølvstendigheit og ein måte å danna eit fellesskap.
Innhald:
I songane rosar dei landet, og beskriv landskapet og naturen rundt dei. Dette gjer oss eit innblikk i korleis landet ser ut, og kva dei er stolte av. Spesielt i den Samiske nasjonalsongen ser vi dette når me får mykje beskriving av landskapet og naturen. I den Norske finner du mindre naturskildringar enn i dei andre.
Det blir også nemnt urettferdigheitar og krisar landa har vore gjennom. For eksempel i den Norsk nasjonalsongen høyrer me om korleis me har kjempa for å vinna landet vårt tilbake, og at det no er vårt. Me litt bakgrunn frå Norsk historie forstår me at det er tida under Danmark det blir sikra til her.
Også i den Samiske songen høyrar vi om tøffe tidar dei har vore gjennom. I setninga ”Samelandets ætt og stamme, utholdt har og tålt så mange” siktar dei truleg til kampen deira om å vera ein sjølvstendig nasjon. Samane blei i fleire år hersa med av Nordmenn som ville at dei skulle adoptera norsk skikkar og levemåte, og legge vekk sin eigen kultur.
Tema du finn i songane er natur, geografi, åndeleg dimensjon og historiske tilbakeblikk.
Ein ting som alle dei 5 songane har felles, er at det er tydeleg at dei er stolte over landet sitt og vil gjera det dei kan for å verna om det.
Kilder:
Den norske nasjonalsongen ”Ja vi elsker dette landet” av Bjørnstjerne Bjørnson:
Den svenske nasjonalsongen ”Du gamla du fria” av Richard Dybeck og Louise Ahlèn:
Den finske nasjonalsongen ”Maamme (Vårt land)” av Johan Ludvig Runeberg:
Wikipedia artikkel om Nasjonalsanger: